Kompetanse og utdanning

Aktuelt, Nyhet, Kompetanse, Statsbudsjettet

Publisert

Regjeringa la som venta fram eit stramt budsjett for 2023. 4000 studieplassar som vart innført i Universitets- og høgskulesektoren vert kutta frå 2023, medan fagskulane får 500 nye studieplassar.

- Med desse kutta trengs det i 2023 skarpare prioritering av teknologi-, IKT og realfag seier fagsjef for kompetanse og rekruttering i Norsk Industri Kjetil Tvedt.

Omstilling til det grøne skiftet, epidemi og cyber-angrep viser på ulikt vis kor viktig det er med teknologikompetanse i samfunnet generelt. Industrien på si side treng mange fleire teknologar, både for å sikre kompetansen hos eksisterande industri og for nye bransjar som batteri, hydrogen, havvind og karbonfangst. - Norge vil i framtida trenge mange fleire teknologar for å sikre berekraft og tryggleik, og prioriteringane som no skal gjerast i UH-sektoren må ta omsyn til dette, seier Tvedt.

Framleis satsing på etter- og vidareutdanning

Regjeringa kutter i satsinga på bransjeprogram, men fire program er sikra drift også i 2023. Norsk Industri er med i tre av desse:

  • Industri og bygg
  • Maritim bransje
  • Avfall- og gjenvinningsbransjen

I tillegg vert og satsinga på Industrifagskolen forlenga i 2023. Totalt får industrien tilgang på rundt 90 millionar kroner til gratis etter- og vidareutdanning. Dette kan sikre eit kompetanseløft for fleire tusen industriarbeidarar. Dersom di bedrift er interessert i gratis, tilpassa utdanningstilbod så kan du ta ein kikk på denne oversikten over komande tilbod. Finn du ikkje det du vil ha så ta kontakt med Norsk Industri for ytterlegare informasjon om korleis du kan gå fram for å få det tilbodet bedrifta treng, og gjerne også der bedrifta er.

Lærlingtilskottet blir ikkje inflasjonsjustert

Regjeringa foreslår å vidareføre lærlingtilskotet på nominelt same ni. vå som i 2022. Tiltaket gir ei innsparing på 105 mill. kroner, og rammetilskotet til fylkeskommunane blir redusert tilsvarande. Dette er i realiteten eit kutt i lærlingtilskottet på over 100 millionar, noko som vil påverke kostnadsbildet når det gjelder å ta i mot lærlingar.

- Kuttet i lærlingtilskottet kjem i 2023 på toppen av ulike skatteskjerpelsar for bedriftene, og gjer det dyrare for industrien å utdanne ungdom, seier Tvedt.