Norsk Industri inngår samarbeid om rekruttering med e-sportorganisasjonen SKADE

Aktuelt, Nyhet, Kompetanse

Publisert

Morten Skaland i SKADE og Kjetil Tvedt i Norsk Industri. Foto: privat.

Dei fleste unge drive med ei eller anna form for gaming, og mange følger e-sport via ulike kanalar. Norsk Industri og e-sportorganisasjonen SKADE skal samarbeide for å rekruttere fleire gaming-interesserte inn i industrien.

E-sport, som er kompetitiv gaming av profesjonelle utøvarar i dataspel, har fleire fellestrekk med framtidas industriarbeidar. Det handlar om å handtere informasjon, forstå samanhengar og å ta sjølvstendige beslutningar. I tillegg er kommunikasjon og lagarbeid ein føresetnad for å lukkast både i e-sport og industri.

– Vi vil vise samanhengen mellom gaming-teknologi og industri og skal samarbeide med e-sportorganisasjonen SKADE for å nå ut til målgruppa, seier Kjetil Tvedt, fagsjef for kompetanse og rekruttering i Norsk Industri.

Gaming – teknologi - industri

Industrien jobbar allereie i dag med virtuelle verktøy og digital simulering for å teste ut nye løysingar digitalt, eller for å fjernstyre produksjon og vedlikehald. E-sport og industri bruker gjerne same type verktøy, og spillindustrien utviklar grafikk, simuleringsteknologi, briller og joystick som industrien tek i bruk i overgangen til Industri 4.0. Gjennom samarbeidet skal vi la eliteutøvarar innan e-sport få eit innblikk i korleis industrien tek i bruk ny teknologi.

– Vi er no på jakt etter gaminginteresserte fagarbeidarar, teknologar og ingeniørar i industrien som kan ta imot e-sportutøvarar som vil vite meir om samanhengen gaming, teknologi og industri, seier Tvedt.

– Vi opplever at mange aktørar i næringslivet skrik etter teknisk kompetanse. Når det kommer til e-sport er sjåarar og entusiaster kjent for å være teknisk kunnskapsrike og ofte ha spesialisert IT-kompetanse. Sammen med Norsk Industri skal vi få fram korleis ein kan bruke denne tekniske kompetansen i industrien, og vise kva muligheter industrien har å by på seier Morten Skaland, dagleg leiar i SKADE.

– Det å få Norsk Industri på laget i SKADE meiner eg viser kor aktuelt e-sport har blitt for å kome i kontakt med Gen Z og millenials, også for selskap som ikke nødvendigvis har ei naturlig sterk kopling til bransjen, seier Skaland.

Fra gutterom til kontrollrom

Norske gutar er overrepresentert i frafall frå utdanning og blant unge med uføretrygd. I tillegg til å rekruttere unge til yrkesfag, teknisk fagskule og ingeniørutdanning ønsker også industrien å rekruttere fleire gamininteresserte unge som har hamna utanfor utdanning og arbeidsliv. Industrien i heile landet leitar etter unge med interesse for og kompetanse om digitale verktøy og system.

– Med tittelen "Fra gutterom til kontrollrom" vil vi vise fram kva industrien kan tilby, og korleis kompetansen hos målgruppa er relevant.

SKADE samarbeider med Stockholm Universitet og Kunnskapstrening IT om å få gaminginteresserte unge utdanna til spillindustri. I tillegg jobber de tett med Mental Helse Norge. Denne erfaringa vil vi bygge vidare på når vi skal vise korleis ein kan dra nytte av kompetansen, erfaringer og ferdigheter frå spilling inn i industrien.

Om SKADE

  • E-sportorganisasjon med fokus på mental helse og inkludering gjennom utdanning, community og profesjonelle lag.
  • Selskap med opprinnelse fra Nord-Norge, med 21 profesjonelle utøvarar og profilar i norsk og internasjonal e-sport.
  • Seks tilsette og lag i fire 4 ulike speltitlar: FIFA, Call of Duty, Counter Strike og PUBG.
  • Etablert tilbod med sterke samarbeidspartnarar der undervisning innan e-sport står i fokus.
  • Oppnåelser:
    • 1. plass og vinner av $80,000 i Pinnacle Cup III
    • 1. plass og vinner av $50,000 i Elisa Invitational Winter 2021
    • Kvalifisert til World Championship 2022 i Call of Duty: Mobile - $1,7M i premiepott
    • Vinner av akseleratorprogram Arctic Accelerator – pitchekonkurranse og 150,000 NOK