Norsk Industri

Innhold

Matematikk forkurs

Forkurs tilpasset Norsk Industris ingeniørutdanning.

Målgruppe: Fagoperatørar som vil ta ingeniørutdanning hos Norsk Industri ved sidan av full jobb.
Forkunnskaper: Fagbrev eller teknisk fagskole
Kursform: Nettkurs
Pris medlem: Kr. 6.200,-
Pris ikke-medlem: Kr. 7.400,-

 > Meld deg på

 

Innhald

Forkurset inneheld matematikken i R2 og delar av R3. Det betyr at forkurset kvalifiserer for ingeniørstudiet som Norsk Indsutri og HiST tilbyr saman, mens det ikkje kvalifiserer for andre ingeniørutdanningar.

Sjølve kurset består av Norsk Industri sitt kompendium i matematikk med 20 innsendingsoppgåver.

Form

Dette er eit nettbasert studium med 20 innsendingsoppgåver som vert retta av rettelærar. Erfaringa er at fleire består dersom det i tillegg vert gjennomført støtteundervisning i bedrifta.

Omfang

Mange spør om kor lang tid studiet tek. Dette er vanskeleg å gi eit generelt og/eller presist svar på, ettersom det avheng av blant anna forkunnskapar innan matematikk, studievanar og ledig tid.

Det vi kan seie er at der det vert gjennomført støtteundervisning er det vanleg å bruke ei veke per kapitel, og det er 20 kapitel totalt. For å rekke gjennom pensum og diverse feriar er det difor ideelt å starte i november, dersom ein skal ha eksamen tidleg i mai.

Eksamen/prøve

Norsk Industri sin avsluttande eksamen. Denne kan du ta ved ein lokal vidaregåande skule når du ynskjer det (så sant det passar for skulen).

Du avtalar då eksamenstid med skulen, og gir oss beskjed om når og kvar du vil ha eksamen.

Vi anbefalar å ha eksamen tidleg i mai. Dette gir deg høve til å ta eksamen opp igjen i juni dersom du stryk på første forsøk. Du er då kvalifisert for opptak ved ingeniørstudiet den påfølgjande hausten.

Det er mulig å søke opptak ved HiST i mai sjølv om ikkje forkurset er bestått. Men ein må sjølvsagt bestå for å få starte ingeniørstudiet.

Forkunnskapar

Fagbrev!

Med forkurs i matematikk samt relevant fagbrev, er kandidaten kvalifisert til desentralisert ingeniørutdanning i regi Høgskolen i Sør-Trøndelag og Norsk Industri.

> Les meir om ingeniørutdanninga

Resultat

Med fagbrev og to år med ingeniørstudie får du ein svært ettertrakta kombinasjon av praksis og teori.