Hanne Rygg

Hanne Rygg leder Teknologi i Offshore Marine Center i Siemens Energy. Foto: Siemens

Hanne Rygg leder Teknologi i Offshore Marine Center i Siemens Energy. Foto: Siemens

Hanne leiar Teknologi i Offshore Marine Center i Siemens Energy. Gjennom jobben sin bidreg ho og Siemens til reduserte klimagassutslepp i Maritim- og Offshoresektoren ved å gjere batteriløysningar og landtilkoplingar tilgjengeleg. Ho bur i bartebyen Trondheim, kor ho òg tok mastergraden sin i Energi og Miljø på NTNU.

– Eg hadde ei veldig ideologisk tilnærming til val av studie, og visste at eg ville arbeide med fornybar energi for ei grønare verd. Eg såg for meg at eg kunne gjere store bidrag for ei betre framtid viss eg hadde denne bakgrunnen.

Rett etter studiane starta Hanne som utviklar innanfor kraftsystem i Teknologiavdelinga til Siemens. Etter nokre år blei ho gruppeleiar og seinare avdelingsleiar, som er stillinga ho har i dag.

Eg trivst best i jobben når eg er med på at teknologien vår reduserer utslepp i maritim sektor.

Trivst best når ho bidreg til å redusere utslepp

Teknologiavdelinga i Siemens utviklar produkt i ein eigen produksjonseining, noko som er uvanleg i Noregs maritim- og offshorebransje. Dei fylgjer produkta heile vegen til kunden.

– Eg trivst best i jobben når eg er med på at teknologien vår reduserer utslepp i maritim sektor, og vi kan bidra til vekst og moglegheiter utan å skade miljø, menneskjer og samfunn.  Dei siste åra har Teknologien vår bidratt til å halvere utsleppa frå ferjedrift i Noreg!

Ho påpeiker at den nye og grøne teknologien òg må vere lønnsam, båe for Siemens og kundane, og har ein tydeleg meining om kva som trengst for å gjere industrien grønare.

– Vi treng ein kombinasjon av innovative bedrifter som tørr satse på ny teknologi og ei regjering som lager eit rammeverk som gjer grøn teknologi lønnsam. Framtida til leverandørindustrien og bedrifter som vår er i stor grad avhengig av at myndigheitene bidreg til å leggje til rette for og stimulere ein «heimemarknad». For oss er det viktig å få ny teknologi ut i marknaden, men da må det vere lønnsamt å ta den i bruk òg. Først då er vi klare for å bygge vidare med å skalere og skape ein solid norsk eksportindustri for framtida.

Eg er ein stor elferje-entusiast! Når familien skal på tur legg vi alltid opp ruta slik at vi får tatt flest mogleg elferjer.

Tradisjon for grøn produksjon

Sjølv om ho ser store forbetringspotensial i korleis Noreg jobbar fram en meir berekraftig industri, framhevar ho den gode industritradisjonen i landet som eit solid utgangspunkt. Ho opplever verken berekraft eller miljøomsyn som noko «nytt» for norske industribedrifter, og nemner at mange har fokusert på grøn produksjon i fleire tiår.

– Det som skal til for å ytterligare redusere klimautslepp i norsk industri er frå mitt perspektiv å fortsetje å byggje forbetringskultur og halde klimafokuset aktuelt i industrien. Ein må óg anerkjenne dei bedriftene som allereie produserer miljøvennleg, slår Hanne fast.