Adis Cengic

Foto: Norsk Gjenvinning.

Adis Cengic tok turen frå Årdal i Sogn til Norsk Gjenvinning i Oslo. Sjølv om Adis meiner tilfeldigheiter bragte han til bransjen, er han no særs nøgd med å få lov å gjere verda til ein litt betre plass for kvar dag som går.

– I Norsk Gjenvinning seier me at det ikkje finst søppel lengre, seier Adis.

Det er fordi Norsk Gjenvinning aleine sikrar at over 2 millionar tonn avfall kvart år blir til nye råvarer og energi som går tilbake til industrien. Hos Norsk Gjenvinning får Adis brukt si lange erfaring som prosessingeniør, prosjektleiar, avdelingsleiar og fabrikksjef. Utdanninga si har han frå Bergen Tekniske fagskule, samt ein ingeniørgrad frå universitetet Glamorgan i Wales.

Berekraft er sundt bondevett

For Adis er ikkje essensen i berekraft noko nytt.

– Berekraft er prosessen for å sikre at neste generasjon har betre vilkår til å vakse opp, lykkes og leve, enn vår generasjon. I utgangspunktet er ikkje dette nytt, men bærekraft krevjar at i tillegg til økonomiske og samfunnsmessige aspekt, så blir miljøaspektet like viktig i den prosessen. Eller sagt på nynorsk, People-Profit-Planet.

– I praksis er det godt gamaldags bondevett, meiner Adis.

I praksis er det godt gamaldags bondevett.

Krevjar endring

– Noreg må halde fram med det vi er gode på: å spele på lag med naturen og å utløyse potensial i samarbeid i heile verdikjeda. Eit eksempel på krafta i samarbeid er vårt berømte trepartsamarbeid som har sikra norsk konkurransekraft i lang tid. Norsk industri har dei beste føresetnadane for å lykkjes med å bli ein rollemodell i verda for berekraftig industri. Alt som skal til er å fortsetje å spele på lag med naturen og kopiere suksessen frå trepartsamarbeidet til verdikjedesamarbeid, seier Adis.

– Men dette krevjar endring! Gjennom Norsk Gjenvinning har eg saman med talentfulle kollegaer og samarbeidspartnarar fått gleda av å realisere verdikjedesamarbeid og sett krafta som bur i den. Sjølv om det har vore ein bratt oppoverbakke, så er utsikta på toppen magisk, seier Adis.

Det var desse tankane som inspirerte Adis til å gå inn i ambassadørrolla for Norsk Industri.

– Vi menneskjer er redd for endring, og då treng vi rollemodeller som motiverer og viser veg. Vi må dra i same retning, og det krevjar innsats frå båe individuelt, bedrifts- og politisk hald.

For Adis går kampanjen til Norsk Industri riktig veg for å få alle aktørar til å dra i same retning.

– Eller som Hellen Keller ville sagt; Alone we can do so little; together we can do so much!, avsluttar Adis.