Norsk Industri

Innhold

Over 600 nye studieplassar ved fagskulane

Aktuelt, Kompetanse, Statsbudsjettet

Publisert

For å bidra til å dekke framtidige kompetansebehov foreslår Kunnskapsdepartementet å bevilger 22 mill. kroner til 638 nye studieplassar innanfor fagskoleutdanning.

I 2017 fekk fagskulane utviklingsmidlar, som mellom anna kjem til nytte i utviklinga av nye fagtilbod. Kunnskapsdepartementet ynskjer og å utvikle vidare ordninga frå 2017 med utlysing av utviklingsmidlar som det kan søkast om. Departementet foreslår 35,9 mill. kroner til denne ordninga.

Departementet foreslår 32,5 mill. kroner til ulike tiltak og prosjekt som skal bidra til kvalitetsutvikling i fagskoleutdanninga, gjere fagskolesektoren tilgjengeleg og synleg, og auke kunnskapsgrunnlaget om fagskolesektoren, i samsvar med Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning.

- Det meste ligg no til rette for at fagskulane kan spele ei nøkkelrolle for kompetanseutvikling i industrien. Vi er i dialog med skulane om oppretting av nye tilbod på deltid, skreddarsydd for fagoperatørar som treng ny teknisk kompetanse, og håprar og trur at delar av utviklingsmidlane vil gå til dette seier fagsjef for kompetanse i Norsk Industri, Kjetil Tvedt.