Norsk Industri

Innhold

58 millionar i utviklingsmidlar til fagskolen

Foto: WorldSkills Norge

Foto: WorldSkills Norge

Det er svært gledeleg at skulane fagskulane endeleg no kan søke om midlar til vidareutviklinga av eksisterande fag, og utvikling av nye fag.

Dei tekniske fagskulane er heilt sentrale i vidareutdanninga av industriarbeidarane. Til forskjell frå høgskulane og universiteta har ikkje fagskolane midlar til utvikling av nye fag. Det er derfor svært gledeleg at dei endeleg kan søke om disse midlane.

- Norsk Industri kjenner til fleire initiativ frå fagskular som ynskjer å utvikle nye tilbod retta mot industrien innan digitalisering. Desse nye midlane kan no bidra til å få nye, oppdaterte og tilpassa utdanningstilbod. Dette er eit viktig bidrag i å sikre omstillingsevna til både den einskilde industriarbeidaren og til bedriftene seier fagsjef for kompetanse i Norsk Industri, Kjetil Tvedt.

Seinare i haust kjem Regjeringa med den etterlengta meldinga om fagskolen. Målet er å auke kvaliteten på utdanninga, og ikkje minst gjere den meir kjent.

- Fagarbeidarar som har utdanna seg vidare til teknikarar er svært ettertrakta i industrien, så utfordringa blir først og fremst å gjere utdanninga meir kjent for aktuelle søkarar, avsluttar Tvedt.