Midlar til samarbeid mellom skule og industri
Dette omfattar 10 millionar til innføringa av ei lektor 2-ordning for yrkesfaga slik at fagpersonar frå industri og øvrig arbeidsliv blir involverte direkte i undervisninga. Ordninga skal fungere på same måte som tilsvarande ordning for realfag.
Regjeringa foreslår òg å styrke hospiteringsordningane med 5 millionar i 2018. Hospiteringsordninga skal gjere opplæringa meir relevant gjennom å gi yrkesfaglærarar høve til å få fagleg oppdatering i arbeidslivet.
- Dette er midlar som vil styrke utvekslinga av kunnskap mellom skulane og industrien. Fleire ressurspersonar frå industrien kan komme inn i skulane og undervise, og fleire lærarar kan komme ut i bedriftene for å oppdatere sin kunnskap seier fagsjef Kjetil Tvedt i Norsk Industri.
Regjeringa foreslår vidare 10 mill. kroner til utvikling og drift av ei desentralisert yrkesfaglærarutdanning og rekrutteringsstillingar. Det er Høyskolen i Oslo og Akershus (HiOA) som får midlane, og dei vil med desse midlane utdanne 30 nye yrkesfaglærarar årleg.
2018 – Yrkesfagas år!
Yrkesfagas år skal i 2018 arrangerast i samarbeid med WorldSkills Norway og partane i arbeidslivet. Departementet foreslår derfor å gi WorldSkills Norway eit tilskott på 5 mill. kroner i 2018. Ein del av midlane skal gå til å arrangere skolekonkurransar. Formålet med yrkesfagas år er å bidra til merksemd om og auka status for fagopplæringa.
Midlar til å rekruttere nye læreplassar
Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2016–2020) blei underteikna av kunnskapsministeren og kommunal- og moderniseringsministeren og partane i arbeidslivet i mars 2016. Kontrakten er ei vidareføring av den kontrakten som blei underteikna i april 2012 og gjaldt fram til 2015. Målet med den nye kontrakten er at alle kvalifiserte søkarar skal få tilbod om læreplass. Hovudstrategien i den nye samfunnskontrakten er å få i gang det lokale arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter og slik skaffe fleire læreplassar. Departementet foreslår å styrke det lokale rekrutteringsarbeidet ute i fylka i 2018-budsjettet. Midlane skal nyttast til oppsøkande arbeid lokalt for å rekruttere nye læreverksemder.