Han legg til:
– Å vere TAF-lærling var veldig lærerikt og spennande. Det var også nyttig å få praktisk erfaring, ei god teoretisk utdanning og oppleve prosessane der ute i arbeidslivet i så ung alder som eg gjorde.
Både han og Elizabeth McMahon Møller har begge vore TAF-lærlingar hos Kleven gjennom Ulstein vidaregåande skule, tatt høgskuleutdanning som undervassingeniørar etterpå, og returnert til Kleven der begge no er fast tilsette som Produksjonskoordinatorar.
– Eg likte veldig godt å kombinere skule og jobb. Det å kunne sjå arbeidslivet allereie så tidleg, og oppleve at det eg lærte på skulen samsvarte med det verkelege arbeidslivet, seier Elizabeth.
Ho fortel vidare at ho hadde stor nytte av TAF-tida på høgskulen.
– Då eg studerte på høgskulen hadde eg jo allereie både sett og opplevd mykje av det same i praktisk arbeid, og det er klart at det var til stor hjelp i studiane mine.
Begge to meiner at TAF sine bakdelar, som til dømes det at dei ikkje har skuleferie som normalt, men ferie som i arbeidslivet, og at utdanninga tek fire år, og ikkje tre slik som dei som ikkje er lærlingar har, samt manglande pensjonsinntening i lærlingtida, er fordelane likevel større:
- Ein får lønn i heile lærlingtida
- Ein får eit unikt innblikk i arbeidslivet
- Ein kan gå rett i arbeid når fagbrevet er bestått
– Ein av dei store fordelane med TAF, er at eg no har fleire bein å stå på. Eg fekk jo fagbrev når eg var ferdig, og hadde også studiekompetanse og kunne starte rett på høgskule om eg ville det. No kan eg jobbe både som det eine og det andre, fortel Øyvind.
Sindre Moldskred er produksjonssjef i Kleven, og leiaren til begge to. Han er også leiar i fagprøvenemda, og hadde ansvar for både Elizabeth og Øyvind i lærlingtida deira.
– Eg ser absolutt fordelen med TAF-ordninga, dette held mellom anna elevar frå å bli skuleleide, og dei kan ta med seg erfaringar frå det praktiske og diskutere med lærarane – og omvendt undervegs i heile utdanningsløpet. Eg har veldig god erfaring både med ordninga og lærlingane, seier han.
Både Elizabeth og Øyvind er skjønt einige om at dei har likt å vere TAF-lærlingar, og på spørsmålet om dei kunne tenkt seg å anbefale denne ordninga for fleire svarar begge:
Ja, absolutt!
Om TAF/YSK-ordningen
Fylkeskommunene har mulighet til å organisere opplæringa slik at den fører både til yrkeskompetanse og studiekompetanse. Dette er såkalte tekniske allmennfag (TAF) eller yrkes- og studiekompetanse (YSK). YSK/TAF er et opplæringsløp som i løpet av fire år gir eleven/lærlingen både yrkes- og studiekompetanse. Eleven tegner lærekontrakt med bedriften fra første år og avlegge fagprøve etter fire år. YSK/TAF er et tilbud for elever som sikter seg mot høyere utdanning ved starten av opplæringsløpet, men som også ønsker en yrkesfaglig utdanning i bunn.
Det er et relativt begrenset antall som tar denne utdanningen. Utdanningsdirektoratet rapporter at det innen TIP per 1. oktober 2017 var registrert 205 løpende lærekontrakter med modellen YSK/TAF av totalt 7694 løpende kontrakter innen TIP (Det vil si 2,7 prosent).
Det finnes dessverre ingen samlet oversikt over hvilke fylker, skoler og fag som har tilbud om YSK/TAF.