Norsk Industri

Innhold

Dagpengar og utdanning

Aktuelt, Nyhet

Publisert

Koronakrisa har gjort at mange tilsette i industrien blir permitterte. Det har difor blitt enklare å ta utdanning medan ein mottek dagpengar.

Ordninga gjer at alle som kryssar av for opplæring på meldekortet hos Nav får utbetalt dagpengar som vanleg. Tidlegare måtte ein søke om å kombinere opplæring med dagpengar og få dette godkjent. Ordninga gjeld alle typar kurs og opplæring.

Sjølv om ein no kan ta utdanning og samtidig få dagpengar, er det framleis krav om at ein samtidig må vere aktiv jobbsøkar og om at ein må vere tilgjengelig dersom ein skulle få ny jobb. Det betyr at ordninga gjeld for dei som er permitterte og arbeidsledige som mottar dagpengar, og ikkje for studentar som mottar støtte frå Lånekassen.

Dersom dagpengemottakaren har starta på eit lengre opplæringsløp og framleis er utan arbeid på det tidspunktet denne midlertidige ordninga opphøyrer 1. september, må dagpengemottakaren rekne med å måtte søke om å kombinere dagpengar og utdanning etter dei ordinære unntaksreglane.

Forskrifta gjeld frå 20. april til 1. september.

Ny Stortingsproposisjon om kompetanse underveis

Det er varsla ein ny Stortingsproposisjon med kompetansetiltak 29. mai, og der kjem det oppdatert informasjon, inkludert tidsavgrensinga for unntaket som kan blli forlenga ut over 1. september.