Norsk Industri

Innhold

Støtte til kompetanseløft for utsatte industriklynger

Aktuelt, Nyhet, Kompetanse

Publisert

Lærling hos Nammo

Foto: Nammo

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse lyser ut 20 millionar kroner til kompetansetiltak i utsatte industriklynger.

Utsatte industriklynger får støtte til korte modular frå universitet og høgskule.

Les: Kompetansetiltak i utsatte industriklynger

I praksis betyr dette at industrien kan gå saman med universitet/høgskule og få dekka kostnader til utvikling og gjennomføring av korte modular. 

Som ei oppfølging av frontfagsforhandlingane har vi no fått fleire ordninar der tilsette i industrien kan få gratis og tilpassa etterutdanning, og det er for resten av 2021 lyst ut totalt om lag 50 millionar kroner til praksiskandidatkurs, Industrifagskulen og til universitet og høgskule gjennom ordninga "utsette industriklynger".

- Dette er første gang industrien kan få korte utdanningar på alle nivå, seier fagsjef for kompetanse og rekruttering Kjetil Tvedt i Norsk Industri.

Norsk Industri har laga ein søkeveiledar til tilboda. Alle tilboda er utvikla i samarbeid mellom bedrift, arbeidstakar og utdanningsinstitusjon. Det er utdanningsinstitusjonen som søker midlar. Modellen forutsetter at arbeidslivet skal etterspørre utdanningar, og være med på å tilpasse/utvikle desse. På denne måten vert tilboda meir målretta, og undervisninga kan foregå digitalt/lokalt for å redusere reisebelastninga. Ein får fullfinansiert sjølve utdanningstilbodet, og blir einige lokalt om fordelinga arbeidstid/fritid til utdanninga. Søknadsfristane er i midten av september 2021.

Det blir totalt lyst ut nærare 50 millionar kroner til utdanning for industrien på ulike nivå:

  • Bransjeprogram for industri- og byggenæringen. Her kan ufaglærte få formalisert sin fagkompetanse, eller fagarbeidarar kan ta eit fagbrev nummer to. Vi har igjen ca 7 millionar til dette formålet i 2021. Ein kan og søke midlar til utvikling av nye fagskuletilbod gjennom denne ordninga.
  • Bransjeprogram for maritim sektor. Her kan ein søke midlar til utdanningsløp på alle nivå for maritim sektor.
  • Industrifagskulen. Velg mellom rundt 50 ulike modular som ein fagskule kan tilby der di bedrift er. Finn du ikkje noko som passar kan du søke midlar til utvikling av nye tilbod. Vi har omtrent 20 millionar igjen til dette formålet i 2021. Her kan du sjå ei oversikt over aktuelle tilbod som har fått støtte og som no er søkbare.
  • Kompetanseløft for utsatte industriklynger. Ei ny ordning frå sommaren 2021 gjer at industrien kan søke midlar til korte, tilpassa utdanningstilbod frå universitet og høgskular. Det blir lyst ut 20 millionar kroner til dette i 2021.

Les meir om tilboda her