Solid vekst i søkertall for tekniske fagskular og ingeniørutdanning

Aktuelt, Nyhet, Kompetanse

Publisert

Oppstart for Industrifagskolen på Stord 7. januar 2020. Foto: Kværner

Foto: Kværner (Aker Solutions)

Fleire søker både teknisk fagskule og teknologistudier på universitet og høgskule i 2021. – Denne kompetansen treng industrien for å løyse miljøproblema våre, seier fagsjef for utdanning og rekruttering Kjetil Tvedt i Norsk Industri.

Søkartala frå Samordna opptak viser at det aldri har vore så mange som ynskjer å studere. 154 088 personer har søkt seg til universitet og høgskule, ein vekst på 2,2 prosent. Teknologistudiene har ein samla vekst på 4,2 prosent. I denne gruppa finn vi sivilingeniør, ingeniør, maritime fag, andre teknologifag og arkitektur.

Det er 5711 som har søkt integrerte masterstudier i teknologi/sivilingeniør, ein vekst på 2,1 prosent sidan 2020. Der er planlagt 2356 studieplassar, ein vekst på 12,7 prosent.

For realfaga er utviklinga tilnærma flat.

Stor vekst i søkinga til tekniske fagskular

Dei tekniske fagskulane har heile 15,5 prosent fleire søkarar enn i 2021, og har 15,4 prosent fleire planlagte studieplassar i 2021.

– Dei tekniske fagskulane har vind i segla for tida. Årsaka er nok dels at korte yrkesretta utdanninga er eit godt alternativ i ei tid med store omveltningar i arbeidslivet, men vi trur og at det tette samarbeidet mellom partane og fagskulane rundt Industrifagskolen har vore med å auke relevansen og attraktiviteten, seier Kjetil Tvedt.

Figuren under viser at veksten har kome blant vaksne søkarar.

Endring i søkere til tekniske fagskoler fordelt på aldersgrupper. Kilde: Samordna opptak

Tala viser at kvinneandelen blant søkarane er ganske uendra.

– Kvinneandelen for søkarane til teknikkfaga ved fagskulane er på rundt 11 prosent, så her har vi ein jobb å gjere, seier Tvedt.

> Les rapporten her (samordnaopptak.no)