Norsk Industri

Innhold

Snakk fint om industrien i jula!

Aktuelt, Nyhet, Kompetanse

Publisert

Hanna-Martine tester jobber i industrien.

Industrien treng fleire søkarar til Teknisk Industriell Produksjon (TIP), og for å vise unge kva industrien kan by på har vi engasjert youtuberen Hanna-Martine til å teste industri.

I løpet av fem filmar får ho innblikk i ulike yrker og bransjar rundt om i landet. Målgruppa for filmane er 15-åringar som innan 1. mars skal velje retning på vidaregåande skule.

I første film besøker Hanna-Martine Slåttland industri, som morfaren driv, og møte ein sveiser og ein platearbeider. Filmen vart lansert på kvelden onsdag 20. desember og har allereie blitt sett over 20.000 ganger!

- Filmen skal vekke interessa for TIP blant dei unge, og sjølv om kampanjen akkurat har starta ser det lyst ut med tanke på å nå ut til unge, sier Kjetil Tvedt i Norsk Industri. - I kampanjen søker vi etter dei som er teknologiinteresserte og praktisk anlagt, sier han.

Trigge unge, trygge voksne

Filmane skal trigge interessa for industrien hos unge. Når interessa er fanga er det viktig at vi som kjenner industrien fortel unge meir om korleis det er å jobbe i industrien. På www.velgtip.no får dei meir informasjon om dei ulike retningane dei kan velgje.

Slik kan du bidra

Skal vi lykkast med kampanjen treng vi drahjelp frå medlemsbedrifter, rådgjevarar og foreldre. Vi håpar medlemsbedriftene er med å deler filmane vi legg ut på våre Facebooksider, og at de promoterer nettsida www.velgtip.no for unge som treng meir informasjon.

Vil bytte namn frå TIP til Teknologi

Fellesnemnaren for TIP-faga er teknologi. Norsk Industri arbeider difor for å skifte namn på faget frå Teknisk Industriell Produksjon (TIP) til Teknologi. - Vi trur dette er eit namn på utdanninga som har ein breiare appell til unge, og som seier meir om kjernen i utdanninga, sier Tone Belsby, rådgiver i Norsk Industri.

Eit eventuelt namnebyte kan først kome i 2020.

Lurer du på noe? Kontakt oss gjerne!