Rekrutteringskampanje: Fortnite, gaming, teknologi og industri

Publisert

Industrien treng fleire søkarar til Teknisk Industriell Produksjon (TIP), og for å vise unge kva industrien kan by på har vi engasjert youtuber og Fortnite-spiller Elias "Kimeplays" Raadlund til å teste industri.

I løpet av fem filmar får han innblikk i ulike yrker og bransjar rundt om i landet. Målgruppa for filmane er 15-åringar som innan 1. mars skal velje retning på vidaregåande skule.

I første film besøker Elias Raadlund Hydro på Karmøy. Filmen vart lansert 20. desember og har i løpet av et døgn blitt sett nærmere 7000 ganger!

- Filmen skal vekke interessa for TIP blant dei unge, og sjølv om kampanjen akkurat har starta ser det lyst ut med tanke på å nå ut til unge, sier Kjetil Tvedt i Norsk Industri. - I kampanjen søker vi etter dei som er teknologiinteresserte og praktisk anlagt, sier han.

Trigge unge, trygge voksne

Filmane skal trigge interessa for industrien hos unge. Når interessa er fanga er det viktig at vi som kjenner industrien fortel unge meir om korleis det er å jobbe i industrien. På www.velgtip.no får dei meir informasjon om dei ulike retningane dei kan velgje.

Slik kan du bidra

Skal vi lykkast med kampanjen treng vi drahjelp frå medlemsbedrifter, rådgjevarar og foreldre. Vi håpar medlemsbedriftene er med å deler filmane vi legg ut på våre Facebooksider, og at de promoterer nettsida www.velgtip.no for unge som treng meir informasjon.

Lurer du på noe? Kontakt meg gjerne!