Målet er at ansatte i bransjar med særlig behov får nødvendig kompetanse for å meistre omstilling og bli ståande i arbeid.
Frist er 5. mai 2020. Ekstra søknadsfrist er 1. september.
– Kompetansereformen kunne knapt nok kome på eit tidspunkt der den var meir aktuell. Det vert no opna opp for at permitterte kan korte utdanningsløp. Greier vi å gi permitterte eit kompetansepåfyll kan vi kome av krisa med meir kompetente tilsette. Dette styrkar produktiviteten og omstillingsevna både til den einskilde og til bedriftene, seier fagsjef for kompetanse Kjetil Tvedt.
Norsk Industri har sidan 2019 saman med Fellesforbundet utvikla Industrifagskolen der partane lokalt definerer sitt kompetansebehov, og ein teknisk fagskule leverer tilbodet. Ordninga spring ut frå frontfaget, og finansieringa er statens bidrag til ei trepartssamarbeid. Regjeringa legg no den same modellen til grunn for heile sektoren, og inviterer til eit breitt samarbeidd med ei rekke bransjar.
Ordninga får no styrka finansieringa med rundt 10 millionar. Industrien kan her søke om å utvikle korte utdanningsløp tilpassa sin bransje, sitt fag eller sin region.
– Norsk Industri har denne veka invitert offentlege og private fagskular, høgskular og universitet til eit samarbeid om utvikling av korte, praktiske og naturlegvis heildigitale utdanningstilbod. Målet er å komme i gang med undervisning i mai, seier fagsjef for kompetanse i Norsk Industri Kjetil Tvedt.
> Les meir om kompetansereformen (regjeringen.no)
> Søk her (Kompetanse Norge)
> Les også: Vi må lære hele livet (nho.no)