Norsk Industri

Innhold

Industrien treng sløyd

Aktuelt, Nyhet, Kompetanse

Publisert

Halvparten av elevane på grunnskulen skal, og må, velgje yrkesfag for at samfunnet skal få den arbeidskrafta som trengs. Dette er ikkje minst viktig for industrien i Norge.

Erfaringsbasert innovasjon

NHO, Utdanningsforbundet, Yrkesfag 2020, Norsk Industri og i andre landsforeiningar inviterte til en utdannings- og næringspolitisk konferanse med fokus på kunst - og handverksfaget.

Kjersti Kleven, styreleiar og hovedeigar av Kleven verft, innleia til debatt. Ho peika på at det er ein klar samanheng mellom kvaliteten på lærlingane og det som skjer i grunnskulen, og var og opptatt av at kunst- og handverksfaget framleis skal fylle elevane sitt behov for å lære på ein annan måte. Ho trakk vidare opp linjene frå Ludvigsenutvalget der ho var medlem. " det er eit problem at det er for mange gode intensjonar i læreplanane på grunnskulen."

Deling av kunst- og handverksfaget?

Statsråd Isaksen var opptatt av at læringsmåla i kunst- og handverk ikkje er fokusert på den praktiske sida, og manglar kobling til praktiske fag. Han trakk fram at læringsmålet knytta til husbygging er under tema arkitektur. "Kunst og håndverket har fått en slagside mot design, og det har gått ut over det håndverksmessige" i følgje Isaksen. Han ønsker derfor en gjennomgang av læringsmåla med tanke på å få inn praktiske ferdigheter. Regjeringa ynskjer difor å splitte faget.

Her møtte han motstand frå Terje Skyvulstad frå Utdanningsforbundet, som peika på at det er ein klar samanheng mellom design og handverk – og at eit samla fag best ivaretar samanhengen. Kjersti Kleven, om og er styremedlem i Ekornes, peika på at både Ekornes og Kleven er døme på at automatisering, materialkompetanse og design heng saman i praktisk arbeid. Ho er difor skeptisk til å bruke krefter på å splitte kunst og handverksfaget. "Vi bør heller bruke kreftene på å endre innhaldet i faget".

Vi treng møteplassar

Kleven trakk og fram mangelen på møteplassar mellom skule og næringsliv. Dersom elevane ikkje kjenner til kva jobbar som ventar i andre enden av fagopplæringa, så manglar dei grunnlag for å gjere riktig utdanningsvalg. "I dag er vi avhengige av ildsjeler for at eit slikt samarbeid skal fungere - vi treng eit system som betre legg til rette for eit slikt samarbeid."

Norsk Industri vil framover følgje diskusjonen rundt kunst- og handverksfaget for å sikre at ein i framtida får løfta statusen til praktiske fag slik at elevane får utvikle sine praktiske sider, og får eit forhold til kva eit praktisk yrke kan innebere. Denne koblinga er sentral for norsk erfaringsbasert innovasjon – og er såleis like viktig for både fagarbeidarar og ingeniørar. Dette er viktig både for å sikre rekruttering av- og kvalitet på, industriarbeidarar.