Industrien får modulbaserte fagskoleutdanninger fra 2019

Gruppebilde av samling mennesker

Møte i forbindelse med bransjeprogram industri og bygg med Norsk Industri og Byggenæringens Landsforening. Fra Norsk Industri deltok Anita Østro og Kjetil Tvedt. FOTO: Norsk Industri.

No får fagarbeidaren i industrien eit offentleg finansiert tilbod om kortare modular ved fagskulane som gir nødvendig kompetanse til å handtere ny teknologi. Det blir oppstart ved fleire tekniske fagskular allereie hausten 2019.

Fv.: Jørgen Leegård fra BNL, Per Skau fra Fellesforbundet, Carla Botten-Verboven fra Norsk Industri og kunnskapsminister Jan Tore Sanner. FOTO: Norsk Industri.

- Vi er glade for at regjeringa no blir konkrete når det gjeld livslang læring. Pengane skal gå til oppretting av nye, modulbaserte etter- og vidareutdanningstilbod ved dei tekniske fagskulane. Dette er akkurat kva industrien har etterspurt, og vi trur dette blir et viktig verktøy for å sikre konkurransekrafta vår seier administrerande direktør i Norsk Industri Stein Lier-Hansen.
 
Også Fellesforbundet er glade for denne sigeren. Partane i frontfaget har gjennom mange mange år, og i fleire tariffoppgjer, fokusert på etter- og vidareutdanning. I 2014 krov vi betre kurs i basiskompetanse og språk, samt ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagutdanning. Dette var viktig for å anerkjenne og auke kompetansen til arbeidarane. I 2016 vart vi einige om å identifisere barrierar for etter- og vidareutdanning. Det arbeidet vart ferdig til oppgjeret i 2018, der vi vart einige om å jobbe med å utvikle konkrete tilbod for etter- og vidareutdanning.
 
- Dette gjorde at vi hadde et godt grunnlag for å vite hva arbeidere og bedrifter trenger for å få flere tilbud om etter- og videreutdanning. Nå har vi spilt inn dette til regjeringen og regjeringen svarer på vårt innspill. Det er veldig bra!, seir Fellesforbundets leder Jørn Eggum.
Kva skjer, og når skjer det?

Kjetil Tvedt fra Norsk Industri sammen med kunnskapsminister Jan Tore Sanner. FOTO: Norsk Industri.

Kunnskapsdepartementet har løyva 30 millionar til utvikling av "Bransjeprogram". Pengane blir fordelt mellom privat og offentleg sektor, og for privat går midlane til utvikling og drift av modulbaserte fagskuleutdaningar innan industri og bygg. Norsk Industri og Fellesforbundet har saman identifisert fire fagområde som dekker det meste av industriens behov. Vi har vidare valt ut aktørar med gode relasjonar mellom lokal industri og fagskule som no får ansvar for å utvikle tilbod. 

 
Her er lista over modulbaserte utdanningar som skal utviklast i 2019: 
  • Automasjon – eit samarbeid mellom Fagskolen Tinius Olsen og Fagskolen Innlandet, samt industrien
  • Maskinfag (leverandørindustri) – eit samarbeid mellom Fagskolen i Hordaland og industrimiljøet på Stord
  • Maskinfag (maritimt/verft) – eit samarbeid mellom fagskolen i Ålesund og verftsnæringa i Møre og Romsdal
  • Kjemi/prosessfag – eit samarbeid mellom Eyde-klyngen og Fagskolen Sørlandet
  • Den digitale fagarbeider - Fagskolen i Oslo (bygg)
  • Byggeindustrien – Fagskolen Innlandet (Sørlandet) og byggeindustrien
  • Fellesmodular mellom TIP/Bygg. Fagskolen Innlandet
 – Målet er å lage fagplanar som kan bli ein del av tilbodet ved alle dei aktuelle tekniske fagskulane seier fagsjef for kompetanse i Norsk Industri Kjetil Tvedt som koordinerer dei ulike prosjekta. Alle dei tekniske fagskulane som har dei aktuelle faga vert invitert til å delta i referansegrupper som skal stå for utviklinga av innhaldet i dei nye tilboda. Målet må vere at alle dei tekniske fagskulane tilbyr modulbaserte utdanningar seier Tvedt. 
Nytenking må til 

Det nye tilbodet må vere tilrettelagt både med tanke på innhald og form. I det legg vi at fagskulane og industrien saman definerer det faglege innhaldet for dei nye tilboda. Men for at dette skal bli brukt må fagskulane tenke nytt rundt korleis ein tilbyr utdanning. Vi ynskjer at tilboda skal ha to hovuddelar:

  1. digitale læremiddel som gjer at den einskilde kan studere åleine, og
  2. at samlingane skjer ute i industribedriftene. Det siste vil sikre at opplæringa vert praktisk retta, og at fagskulane følger med på den teknologiske utviklinga i bedriftene.

I ein del tilfelle vil nok fagskulane kunne dele opp eksisterande utdanningar og tilby dei som mindre einingar, medan ein innan andre område må lage nye fagplanar. Det er organet NOKUT som godkjenner fagskuleutdanningane, og til no har fagskulane berre fått godkjent fag på 30 studiepoeng (eitt årsstudium på fulltid er 60 studiepoeng) eller meir. Industrien har vore tydelege på at det trengs kortare modular dersom dette skal bli ein suksess, og departementet har signalisert at det kan bli gitt dispensasjon til kortare modular på til dømes 10 studiepoeng. 

Fellesmodular 
I tillegg til desse prosjekta har vi og fått midlar til ei samordning av industri- og byggfag ved fagskulane. Digitalisering gjer at faga i større grad overlappar kvarandre, og det er difor på tide å sjå på moglege fellesmodular for dei ulike faga. Dette vil styrke fagmiljøa, og vil gjere at fleire fagskular kan tilby slike modular. 
Rask prosess
Industrien ynskjer sjølvsagt å få på plass eit tilbod så snart som råd. Fagskulane er difor blitt bedt om å identifisere fag som kan godkjennast innan hausten 2019. Hovedtyngda av nye fag vil likevel komme i 2020. Dette er bortimot norsk rekord i utvikling av nye fagskuletilbod, så det blir stor aktivitet i 2019 for å få dette på plass seier Tvedt. 

Lurer du på noe? Kontakt meg gjerne!