Norsk Industri

Innhold

Full fart for TIP-kampanjen!

Aktuelt, Nyhet, Kompetanse

Publisert

Før jul kjørte vi i gang kampanjen "Velg TIP!", som har som mål å få flere unge til å søke seg til industrifag. Og det skorter ikke på engasjement!

Industrien treng fleire fagarbeidarar, men søkartala til yrkesfagprogrammet Teknikk og Industriell Produksjon (TIP) har gått ned med 25 prosent dei siste åra. Norsk Industri har difor satt i gang kampanjen "Velg TIP!" for å vise unge kva industrien kan by på.

På besøk hos Tronrud Engineering på Hønefoss! F.v.: Hanna Martine, kjæresten Anders (som var så nysgjerrig at han bare måtte være med), industrimekanikerlærling Cecilie og automasjonslærling Ole-Henrik.

- Industrien har mange forutsetningar for å være eit attraktivt karriereval for unge. For å nå ut med bodskapen har vi engasjert Youtube-stjerna Hanna Martine til å teste TIP seier prosjektleiar Kjetil Tvedt frå Norsk Industri.

Kampanjen er bygd opp rundt fem filmar der Hanna Martine besøker ulike industribedrifter. Engasjementet rundt filmane på Youtube og Facebook har vore formidabelt, og mange unge har no fått ein smakebit av TIP. Her er statistikk for publiserte filmar og oversikt over komande filmar:

  • 20. desember: Sveisefaget og platearbeiderfaget frå Slåttland industri (Østfold). 45000 visningar på Youtube, 54000 visningar på Facebook.
  • 3. januar: CNC-faget frå Nammo (Raufoss). 21000 visninger på Youtube, 66000 visninger på Facebook.
  • 17. januar: Produksjonsteknikk og industrimekaniker frå Bryne VGS og IKM (Rogaland). 8000 visninger på Youtube, 5000 visninger på Facebook (pr 18. januar)
  • 31. januar: Kjemiprosessfaget frå Celsa (Mo i Rana)
  • 14. februar: Automatiker og industriteknologi frå Tronrud Engineering (Hønefoss)
Nettside og brosjyre

Men filmane er kun ein apetittvekkjar.

- Skal vi lukkast med å få fleire til å velje ei framtid i industrien treng vi hjelp frå medlemsbedrifter, rådgjevarar og opplæringskontor til å få ut informasjonen, seier leiar for faglig råd TIP Tone Belsby frå Norsk Industri.

Sjekk ut nettsida og TIP-brosjyren under. Dersom du ynskjer å få brosjyren i trykt format, så send ein e-post til tone.belsby@norskindustri.no og oppgi antall og leveringsdresse.

Les også:

> Kampanje skal snu trenden for TIP

 

Lurer du på noe? Kontakt oss gjerne!