Kompensasjonsordning for utanlandske arbeidstakarar
Utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området får kompensasjon for den tida dei er hindra i å kome på arbeid medan grensene til Noreg er stengde.
Utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området får kompensasjon for den tida dei er hindra i å kome på arbeid medan grensene til Noreg er stengde.
Arbeidsgjevar skal forskuttere beløpet og søke refusjon frå NAV.
Utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området som er hindra i å kome på arbeid på grunn av innreiserestriksjonar til Noreg som følge av koronapandemien, har rett på denne ytinga dersom dei er medlemmer av folketrygda, og var tilsette hjå ein arbeidsgjevar i Noreg 29. januar 2021.
Dersom ein er permittert og mottek dagpengar vil ein ikkje ha rett til denne kompensasjonen.
Refusjonsordninga for arbeidsgjevarar vil starte i veke 16, og ordninga gjeld tilbake i tid til 29. januar 2021.
> Les mer her (regjeringen.no)