Norsk Industri

Innhold

Vi skal løfte fram bedrifter og tilsette!

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

På generalforsamlingen i mars 2018 skal vi kåre Årets renseri og Årets vaskeri! Som bransjeorganisasjon skal vi løfte fram medlemsbedrifter som gjer det godt, og tilsette som gjer dette mogleg.

Dette skal vi gjere for å sette fokus på kvalitet, innovasjon og kompetanse. Statuttane for prisane er ikkje klare enno, men vi er i dialog med NVK om arbeidet med å utvikle statuttar.

Vinnarane av desse prisane vil vere automatisk kvalifisert, og få dekka reise og opphald, til CINET si tevling "Global awards" som vert delt ut på Expo Detergo i Milano 19.-22. oktober 2018. Forutan å vere blant finalistane vil bedriftene få høve til å presentere seg under konferansen i Milano. Vi trur norske renseri og vaskeri har noko å fare med i ein slik konkurranse, og ser fram til konkurranseåret 2018!

Men vi skal og løfte fram nokon av dei tilsette som gjer dette mogleg. I første omgang ynskjer NRV at medlemsbedriftene melder inn (namn og bilde) tilsette som har tatt fag eller svennebrev i 2017. Desse vil fortløpande blir presentert i nyhetssaker frå NRV. Vi ser vidare på statuttar for utdeling av ein pris til "årets tilsette". Vi kjem attende med meir informasjon når dette er klart.

Lurer du på noe? Kontakt meg gjerne: