Norsk Industri

Innhold

Tekstilrensfaget blir 2+2-løp

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Kunnskapsdepartementet har no endeleg vedteke at VG3 tekstilrensfaget vert endra frå dagens ordning 1+3, det vil seie eitt år på skule og tre år i bedrift, til eit ordinært 2+2-løp, med to år skule og påfølgjande to år i lære i bedrift.

Faget skal då rekruttere frå VG2 Industriteknologi. Departementet opprettheld då beslutningen frå Utdanningsdirektoratet, der begrunninga var at det er meir krevjande å ta inn unge etter kun eitt år på yrkesfag, og at dette inneber at bedriftene må ta eit større opplæringansvar, jf. direktoratets rapport av 2016, s 283.

- Vi tar beslutningen til departementet til etteretning. Det er viktig å understreke at beslutningen ikkje er til hinder for at bedriftene framleis kan rekruttere frå Vg1 TIP og gjennomføre opplæringa som 1+3. Skilnaden er at dette ikkje er hovedregelen, seier branjsesjef i Norsk Renseri- og Vaskeriforening, Kjetil Tvedt. 

NRV har og foreslått kryssløp frå det nye faget Vg1 design og tradisjonshåndverk, som etter planen vert innført frå skuleåret 2020-21. Her viser departementet til at vi må søke det faglige rådet for det nye faget, når dette er oppretta. NRV vil følgje opp dette.