Fokus på energi
I forkant av generalforsamlinga var det webinar, der direktør for energiavdelingen i Norsk Industri Ole Børge Yttredal la fram Norsk Industri sine vurderingar av marknaden, samt tiltak som krevs. På kort sikt jobber ein med å få straumstøtte også til bedrifter, men utsiktene til å få til det er diverre ikkje dei beste.
Her kan du lese om då Erna Solberg og Tina Bru var på besøk hos Hilde Løkås allRens for å stryke skjorter og kreve straumstøtte.
På mellomlang og lengre sikt må produksjonen av kraft opp skal ein gjennomføre tiltak som elektrifisering av sokkelen og bilparken. Norsk Industri jobbar for opprusting av eksisterande vannkraftanlegg og realisering av småkraft til mellom anna lokal produksjon av hydrogen. I tillegg peiker ein på landbasert vindkraft, men då med "miljømessig bærekraftige vilkår", og ein kompensasjonsmodell som gir gevinstar for lokalmiljøet. På lengre sikt (2030 og vidare) er det storstilt utbygging av havvind som peikar seg ut som løysing på kraftbehovet.
Last ned hele presentasjonen til Ole Børge Yttredal her
Tekstilpolitikk og utdanning
I tillegg til energipolitikk presenterte administrasjonen Norsk Industri sin tekstilpolitikk, der målet er ein meir bærekraftig tekstilbransje i Norge. Les meir om tekstilpolitikken her. Vi presenterte også planane for praksiskandidatkurs for renseri og vaskeri. Dersom du har kandidatar til praksiskandidatkurs for renserifaget så kan du melde frå til Hilde Løkås, medan det er Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn (NVK) som vil tilby kurs i vaskerifaget. Det kjem meir informasjon om kursa og påmelding i god tid før oppstart.