Norsk Industri

Innhold

Rask mote - lite bærekraft

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Rask mote ("fast fashion") viser til det lite bærekraftige fenomenet der klær blir laga for bruk ein eller få ganger.

- Dette er eit eksempel på auka fokus frå forbrukarane på dei negative sidene ved rask mote, seier bransjesjef i Norsk Renseri- og Vaskeriforening, Kjetil Tvedt.

Ein studie frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO viser at vi har 359 plagg kvar, og at vi kastar heile 23 kg klær kvart år. 8 prosent av klærne vi kjøper blir aldri brukt.

- Renseribransjen lever av å ta vare på klær heller enn å kaste dei. Skal vi få ein meir bærekraftig tekstilindustri må vi i mykje større grad ta vare på det vi har. Dagens forbruk fører til sløsing med ressursar til produksjon av bomull, fabrikkering og transport, seier Tvedt.

Så slå eit slag for miljøet i sommar og send klærne dine til rens! Og om du lurer på kvar ditt nærmaste renseri er så finn du ei oversikt her.