Norsk Industri

Innhold

Nytt fra Europa – Standarder, glosebok mm.

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Revisjon av tekniske standardar (f.eks ISO) - Glosebok for vaskeri- og renseribransjen kjem i 2018 - Ny bok ute: Laundry Operations and Management

Revisjon av tekniske standardar (f.eks ISO)

Direktivet med dei tekniske standardane innanfor PPE (Personal Protection Equipment) er under revisjon av EU-kommisjonen. Den tyske organisasjonen DTV har fått støtte til å få involvert Små og Mellomstore Bedrifter (SMB) i standardiseringsarbeidet.

Eit sentralt tema er re-prosessering av PPE. Ift merkinga til GINETEX ynskjer ein meir detaljerte standardar til bruk i industrielle vaskeri, feks om bruk av kjemikaliar.

Når det gjelder operasjonstøy er det ein pågåande kamp mellom forkjemparar av vaskeri og forkjemparar for eingangstøy om kva standardar som skal gjelde mellom eingangstøy. Det er viktig at standardane tek omsyn til f.eks komfort når sjukehusa lyser ut sine anbod.

NRV følger dette arbeidet vidare gjennom den europeiske organisasjonen ETSA. Ta kontakt emd bransjesjef Kjetil Tvedt om du ynskjer å bidra i arbeidet eller har spørsmål.

Glosebok for vaskeri- og renseribransjen kjem i 2018

Vår belgiske søsterorganisasjon utviklar ei ordbok for bransjen, tenkt brukt i dialog med framandspråklege. Gloseboka vil innhalde teikningar og ca 150 gloser om klesplagg. I tillegg held dei på å utvikle ei tilsvrande liste for maskiner og maskindelar. Foreløpig er følgjande språk inkludert: engelsk, tysk, fransk, russisk, nederlandsk, svensk, norsk, tyrkisk, italiensk og tsjekkisk. Fleire språk vil bli lagt til ved etterspørsel. Ordboka vil bli tilgjengelig kostnadsfritt for medlemmer av NRV når den er klar.

Ny bok ute: Laundry Operations and Management

TRSA gitt ut boka "Laundry Operations and Management". Målgruppa for boka er nye funksjonærar i bransjen, i tillegg til leverandørar til bransjen, som ynskjer eit innblikk i drifta av eit vaskeri. Boka kan bestillast via www.trsa.org/store. Medlemer av NRV får rabatt - skriv "Member ov NRV - Norway" i bestillinga. Eit ekesmplar av boka vil vere tilgjengelig for gjennomsyn under generalforsamlinga på Sola 8.-10. mars.

Lurer du på noe? Kontakt meg gjerne: