Norsk Industri

Innhold

Ny bransjesjef for NRV

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Kjetil Tvedt

Kjetil Tvedt

Kjetil Tvedt har blitt ny bransjesjef for NRV. Tvedt har vore tilsett i Norsk Industri sidan 2012, og har hovedsakleg arbeidd med kompetansesaker.

- Eg ser fram til å jobbe som bransjesjef for NRV, og å bli kjent med bransjen. Som bransjesjef kjem ein tettare på medlemsbedriftene, og det ser eg fram til. Inntrykket så langt er at dette er ein bransje med sterke tradisjonar, og ein bransje der det er viktig å halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga, seier Tvedt.

Den nye bransjesjefen vil framover bruke tida på å bli kjent med medlemsbedriftene, og sette seg inn i dei utfordringane bransjen står ovanfor. I tillegg blir det planlegging av generalforsamlinga på Ullevaal 16.-18. mars.

- Håpar flest mogleg tek turen dit for å få fagleg oppdatering, og for å treffe gamle og nye kollegaer i bransjen, avsluttar Tvedt.