Norsk Industri

Innhold

NRV på studietur til Belgia og Nederland

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

På besøk hos Nedlin.

På besøk hos Nedlin.

Årets studietur for renseri- og vaskeribransjen gjekk til Belgia og Nederland. Her kan du lese meir om ekspertar sitt syn på vaskerimarknaden og om nyvinningar for renseri!

Renseri- og vaskeribransjen i europeisk perspektiv

CINET er ein paraplyorganisasjon for NRV og våre søsterorganisasjonar rundt i verden. Totalt organiserer CINET over 400 000 selskap med rundt 2,5 millionar tilsette. Målet til organisasjonen er stimulere til innovasjon og promotere bransjen. Dette gjer dei gjennom nettverksarbeid og gjennom å bygge fagleg kunnskap. CINET organiserer mellom anna messa Texcare.

I Brussel fekk vi besøk av Secretary General Leon Wennekes. Leon snakka om utviklinga i bransjen, der nye logistikkløysingar utvidar den potensielle marknaden for det enkelte anlegget. Eit døme er eit nytt vaskeri i Utrecht i Nederland, som produserer 1000 tonn i veka og dekker heile landet samt delar av Tyskland.

Kvar går marknaden?

Kvar er framtidas marknad? CINET har estimert ein i Nederland no dekker 95 prosentt av den potenseille marknaden for sarte tekstilar som treng rens. Tilsvarande har ein berre 3-5 prosent av marknaden for klesvask totalt. Ein har identifisert fem grupper med betalingsvilje for å sleppe eigen klesvask: såkalla "DINKYs" (par med Double Income No Kids Yet), profesjonelle, single, studentar, eldre og bedrifter. Sal via nettet er nøkkelen til vekst, og utviklinga av nye app'ar som denne vil bli sentralt i framtida. Men sjølv om ein har marknaden treng ein å merke tøyet for å kunne prosessere privat tøy industrielt. Utviklinga av teknologien rundt RFID-merking av tøy blir difor sentral.

CINET har utvikla eit kostnadsverktøy som i desse tider vert testa ut av renseriutvalget. Dette vil bli oversatt til Norsk og gjort tilgjengeleg så snart som råd.

> CINET på film

Wennekes avslutta sitt innlegg torsdag med ordene – "who owns the customer?" og det er eit viktig moment i disse digitale tider. Korleis kan renseri/vaskeri overleve med aktørar som LaundrApp som ikkje eig ei einaste vaskemaskin? Det er det store spørsmålet.

Sivert Lian Opdahl frå Marthes Renseri trur dette fort kan vere nøkkelen til å lukkast i framtida. - Olav Thon har påpeika at bestilling via nett ikkje nødvendigvis er så annleis. Også før i tida køyrde kjøpmenn mat på døra til folk, og vi fekk katalogar i posten, og vi ringte inn våre bestillingar. Med digitale verktøy vert alt enklare, men det er også truleg at vi i framtida vil verdsette dei små ærend som får oss ut av huset og inn i trivelege handelsituasjonar der vi treff andre menneske.

Trøndaren var og nøgd med det sosiale:

- Det var forresten veldig festlig å sjå kvalifiseringa til Europa League saman med Leon Wennekes som er ihuga Ajax supporter, sa han.

Usikkert rundt Brexit

Emmelie Rosengren frå NHO Brussel forklarte og korleis interessene til norske bedrifter blir ivaretatt gjennom NHO Brussel sitt arbeid. Norge er, som mange veit, ikkje medlem av den Europeiske Unionen, så kontoret må jobbe via ei lang rekke andre organisasjonar for å påverke EU-organa. Dei viktigaste samarbeidspartnarane for kontoret er Business Europe, tilsvarande NHO på europeisk nivå, via nordiske medlemer i EU-kommisjonen og andre organ, og gjennom norske politikarar som igjen påverkar gjennom sine kanalar.

Brexit har naturleg nok eit særleg fokus i forhandlingsperioden som EU og Storbritannia no er inne i. Storbritannia viktig som er den nest størst investor i norske selskap, og rundt 20 prosent av norsk eksport går til landet, og i tillegg bur det rundt 20 000 nordmenn i Storbritannia. Det herskar stor usikkerhet rundt kva krava frå Storbritannia er. Medlemskap i EØS har vore lufta som ei mogleg løysing, men innhaldet i EØS-avtalen som omhandlar fri flyt av arbeidskraft vil komplisere eit slikt medlemskap. Alt i alt gjer dette det svært usikkert kva resultatet av forhandlingane vil bli.

Artikkelen fortsetter under bildekarusellen.

Nedlin – eit stort vaskeri i vekst

Etter ein kveld i Brussel gjekk turen vidare til Nederland og besøk hos eit vaskeri og eit renseri. Først ut var Nedlin. Vaskeriet har hatt 10 prosent vekst i ei årrekke, og har gått frå å produsere 75 tonn i veka til 350 tonn i 2016.

> Nedlin på film

Mads Clausen frå Stil Tekstilservice lot seg imponere:

- Det var eit interessant besøk hos eit veldrive vaskeri. Det er tydeleg at dei har fokus på effektivitet, distribusjon og innovasjon. Det var og morsomt å høyre kva tankar dei gjer seg om framtidig vekst. Men det er jo klart, dei har ein marknad på 20 millionar, noko som gjer det mindre samanliknbart med Norge.

Også Karstein Bertheussen frå Berendsen likte det han såg og høyrde hos Nedlin.

- Vaskeriet var spesielt interessant med sine nye fasilitetar og ei fantastisk utvikling som gir mange muligheter. Ved å bruke Jensen i eine delen av vaskeriet og Kannegiesser i andre delen kan dei benchmarke mellom dei to leverandørane. Det var og interessant å sjå at dei brukte transportbandet som lager for helsetøy. Nedlin har og eit opplegg for resirkulering av vatn, og her har nok norske vaskeri mykje å lære.

Renseriet TopCleaning – med fokus på nye marknader

Neste stopp var renseriet Top Cleaning, eit spesialrenseri i Nederland. Dei har vunne fleire prisar for sitt innovative arbeid for bransjen. Spesialiteten er brudekjolar og skadetøy, og dei gjer god butikk på begge deler. Bestillingane kjem i hovedsak elektronisk, og dei har eiga hente/bringe-teneste. Dei når ut til 17 millioner menneske innan 2 timar, så dei har ein annan marknad enn norske renseri.

TopCleaning deltek no i eit samarbeidsopplegg mellom fleire medlemsrenseri i Netex (det nederlandske svaret på NRV), der målet er å ha ein felles digital plattform for bestilling av henting/levering. Aktørar som LaundrApp kan levere det digitale produktet, men renseria vil ha lokalt eigarskap til alle ledd i næringskjeda.

Toini Indergård Vestad frå Molde Kem Renseri likte det ho såg:

- Det var eit veldig bra renseri. Vil spesielt trekke fram tankesettet til Top Cleaning i forhold til ein marknad i endring. Dei har til dømes utvikla ein type pose til bruk for til dømes smittetøy, der posen løyser seg opp ved 60 grader. Det betyr at dei tilsette ikkje treng å røre ved tekstilane, og slik unngår ein helsefaren som kan oppstå. Dei har og utvikla ein boks for lagring av brudekjolar over fleire år. Denne vil bli marknadsført som gåve til brud(eparet), altså ein heilt ny marknad.

Top Cleaning har videoovervaking stasjonen der tøyet kjem inn og vert pakka ut. Dokumentasjonen sparer renseriet kvart år for å måtte betale ut urettmessige erstatningar. I tillegg hadde dei eit godt system med fotografering av produktet før rens.

Studietur – både nyttig og triveleg!

Styreleiar Hilde Løkås (AllRens) oppsummerer:

- Totalt sett er eg nøgd med turen. Det var eit komprimert opplegg som gav mykje inntrykk. Det er alltid interessant å utveksle erfaringar og ikkje minst snakke om framtida. Det er derfor viktig at vi møtes for å kunne omsette gode idear til handling. Det er viktig at vi framover greier å rekruttere med oss fleire til desse studieturane, for dette er ein type tur mange fleire ville hatt glede av.