Norsk Industri

Innhold

Norsk Renseri- og Vaskeriforening 100 år!

Aktuelt, Nyhet, Renseri og vaskeri

Publisert

Tidligere bransjesjef Michael J. Christensen lanserer jubileumsboken.

Tidligere bransjesjef Michael J. Christensen lanserer jubileumsboken.

Norsk Renseri- og Vaskeriforening feira i helga sitt 100 års jubileum saman med Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn, som på si side kunne feire sitt 60 års jubileum.

Jubileet inkluderte boklansering, messe, bedriftsbesøk og valg av den første (kvinnelige) styreleiar i NRV. Feiringa fann stad på Ullevaal Business Class (UBC).

Leverandørane viser seg fram

Tradisjonen tru er det leverandørutstilling når konferansen er i Osloområdet. Messa var og åstad for boklansering og torsdagens "Get Together". Tilbakemeldingane frå leverandørane har vore gode. Dette er ein god stad der ein samla bransje får høve til å oppdatere seg på nyvinningar og få tilbod frå leverandørar.

I år var følgjande leverandørar til stades med utstilling:
  • NTP AS
  • TekstilService AS
  • Stenor AS
  • Grimstål Produkter
  • SoCom Scandinavia
  • Mountville Mills
  • Electrolux Professional
  • Kentaur Norge AS
  • Sipano Norge AS og
  • Jensen Norge AS Norge.
  • Ecolab AS
  • Christeyns Norge AS
  • Sølvberg Tekstil
  • Sverre W. Monsen AS
  • Lilleborg Professional
  • CleanSoft AS

Boklansering – Norsk Renseri- og Vaskeriforening 1917-2017

100 års jubileet vart naturleg nok eit sentralt tema gjennom konferansen. Hovedstyret i NRV vedtok våren 2016 at bransjen måtte ha ei jubileumsbok til 100-årsjubileet i 2017, og det var tidlegare bransjesjef Michael J. Christensen som fekk oppdraget å skrive boka.

- Vi har ei stolt historie, og den må så godt som mogleg forteljast, både for vår eigen del og for våre etterkomarar i følgje Christensen.

Medlemer av NRV kunne få med seg eit signert eksemplar av boka frå lanseringa. Dei som ikkje fekk med seg eit eksemplar vil få tilsendt eitt eksemplar.

Bestill ditt eige eksemplar!

I tillegg er det mogleg å kjøpe boka dersom ein ikkje er medlem, eller dersom ein ynskjer fleire eksempar. Send då ein e-post til Kristin Ødegård – ko@norskindustri.no, inkludert faktureringsadresse. Boka kostar 500,-.
- Boka er god lesing og rikt illustrert, og alle i bransjen bør unne seg eit eksemplar av denne i bokhylla, seier den nye bransjesjefen Kjetil Tvedt.

> Les også: På bedriftsbesøk med NRV

Industri 4.0

Bransjedirektør Knut Sunde i Norsk Industri var i godt slag og presenterte den fjerde industrielle revolusjonen, samt situasjonen for norsk industri generelt.

– Store delar av industrien går godt, ikkje minst takka vere ein låg kronekurs. Når det gjeld den delen av industrien som er knytta tettast til olje og gass, så trur vi i Norsk Industri at botnen er nådd i 2017 sa Sunde.

Eiendomsskatten var også tema. Her kunne ikke Sunde love noen rask løsning, men oppfordret næringen til å melde inn urimelige forhold til Norsk Industri via NRV.

Generalforsamling: nye vedtekter og ny styreleder

Generalforsamlinga vart avholdt fredag ettermiddag. Her vart det vedtatt nye vedtekter og andre justeringar av drifta av NRV. Valgkomiteens forslag til nytt styre vart einstemmig vedtatt. Dermed gjekk den siste President for NRV, Leif Belsvik (Nor Tekstil), av, og vart erstatta av den første styreleiaren i NRV sin historie – Hilde Løkås (allRens). Løkås er ikkje berre den første styreleiaren, ho er og den første kvinna som har leiarvervet i NRV.

Her er det nye styret i NRV:
  • Styreleder Hilde Løkås (velges for 1 år)
  • Nestleder Karstein Bertheussen (velges for 2 år)
  • Styremedlem Vask Kristian Gaasrud (velges for 2 år)
  • Varamedlem Vask Mads Clausen (velges for 2 år)
  • Styremedlem Rens Sivert Lian Opdahl (ikke på valg)
  • Varamedlem Rens Toini Helen Indergård Vestad (gjenvalg for 2 år)
Prisdryss og jubileumsmiddag

NVK delte fredag kveld ut diplom for eksemplarisk oppfølging av Teknisk Protokoll (sjå eiga sak), før konferansen vart avrunda med ein stilfull jubileumsmiddag, med nestleiar i styret for NRV Karstein Bertheussen som toastmaster.

Årskonferansen 2018 og studietur 2017

Neste årskonferanse holdes i Stavangerområdet 8.-9. mars 2018. Sekretariatet kjem attende med fleire detaljar før sommaren. Det blir og ein studietur for medlemmene til Belgia/Nederland 7.-8. september 2017. Hold av datoane!