Norsk Industri

Innhold

Innholdsrik helg med Generalforsamling

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Generalforsamling for NRV og NVK 8. mars 2019. Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum på scenen. Foto: Cathrine W. Eidal

Generalforsamling for NRV og NVK 8. mars 2019. Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum på scenen. Foto: Cathrine W. Eidal

Det vart eit variert program rundt generalforsamlingane til NRV og NVK. Deltakarane fekk med seg både polarhistorie, økonomi, miljø, salg, generalforsamling, magi, Fangene på fortet.

Vi starta torsdagen med omvising og polarhistorie på Frammuseet og med påfølgjande middag på dekket av Fram. Kombinasjonen av museum og mat fungerte fint – og det vart både lærerikt og hyggelig i og rundt skipet på torsdagskvelden.

Økonomi, miljø og sal i fokus

Fredagen var det fagleg program der Sjeføkonom Øystein Dørum frå NHO starta med eit foredrag om verdensøkonomi og handel. Etter det fekk nokon av utstillarane presentert seg, noko som vart godt tatt i mot av kundane i salen. Etter dette vart miljø på programmet der Olaf Brastad frå Bellona innleia, etterfulgt av Marit Sandbakk frå Enova som fortalte om korleis dei no ynskjer å nå ut til renseri og vaskeri med sine støtteordningar for redusert energibruk. Siste punkt på programmet var salgsguru Morten Brandt som lærte oss sal, samt å folde hender på ein ny måte.

Magi og nytt æresmedlem

Magiker Labib Malik sto for magi og tankelesing under middagen. Publikum fekk ta del i kortstokk og svevande bord, medan vi i hovudsak ikkje forstod noko som helst. Til slutt vart avtroppande styreleiar Hilde Løkås hedra som nytt æresmedlem i NRV. Og det passa jo ekstra godt at ho vart det første kvinnelege æresmedlemmet på sjølvaste kvinnedagen!

Pris for beste stand på NRV/NVKs generalforsmling 2019 gikk til Jako. F.v.: Tom S. Pedersen, Rune Nilsen og Kristian Isachsen.
Vellykka utstilling

Generalforsamlinga var på Scandic Hotell på Fornebu. Vi var totalt 110 deltakarar som deltok i løpet av helga. Hotellet fungerte fint, og ikkje minst var utstillarane nøgde med korleis utstillinga fungerte. Det vart og vellykka med bedriftspresentasjonane, så det vurderer vi å gjenta allereie neste år i Bergensområdet.

> Se bilder
Eg ve te Bergen 5.-7. mars 2020!

Neste år skal vi til Bergensområdet! Tilbakemeldingane så langt frå årets arrangement er at ein ynskjer eit liknande opplegg også neste år, dvs. generalforsamling for NVK etterfulgt av middag torsdag 5. mars, fagleg program, generalforsamling og festmiddag fredag 6. mars og renseridag lørdag 7. mars. Her kjem det meir info om hotell osv, men hold av helga!