Norsk Industri

Innhold

Gratis praksiskandidatkurs?

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse lyser no ut 7 millionar kroner til kompetansetiltak for industrien.

Midlane kan gå til å utvikle nye, korte, tilbod på fagskulenivå. I tillegg kan ein søke om midlar til å gjennomføre praksiskandidatkurs for mellom anna renserifaget og vaskerifaget.

- Dette er ein unik mulighet for vaskeria til å få tilbudt sine ufaglærte fagbrev. Vi vil i august gå i dialog med Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn (NVK) og Industri Energi for å utforme ein søknad om å få gjennomført eitt eller fleire kurs, seier Kjetil Tvedt.

NVK har kjørt praksiskandidatkurs for vaskeria tidlegare, og vil søke midlar til å gjennomføre slike kurs.  

Der NVK har eit opplegg for vaskeria, er det behov for ein diskusjon blant renseria om korleis ein skal gjennomføre eit opplegg for renseritilsette. Renseriutvalget vil ta fatt på denne jobben i august, og kjem attende med meir informasjon.

Les om tilskudd til kompetanseutvikling i industri -og byggenæringen her

Søknadsfrist: 17. september 2021 innen kl 17:00