Norsk Industri

Innhold

God påske og vel møtt til Facebook!

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

NRV har no lansert ei eiga side på det nymotens verktøyet "Facebook"!

Tanken med sida er å presentere informasjon frå bransjen og frå NRV, kommunisere med medlemene, og å diskutere faglege spørsmål. Send gjerne tips til nyhetssaker frå andre mediere som bør ut på sida, eller saker vi bør omtale og legge ut.

Kven kan bli med?

Sida er for tilsette i medlemsbedrifter i NRV. For å bli medlem må du difor oppgi kva bedrift du er tilknytta.

Kva saker bør styret ta opp?

Vi legg og ut styremøtene som hendingar (event) på sida. Her kan alle gå inn og kommentere kva saker de meiner styret bør ta opp. Det er og sjølvsagt mogleg å stille oppklarande spørsmål til styret/administrasjonen.

> Gå til Facebook-gruppa

 

Lurer du på noe? Kontakt meg gjerne!