Norsk Industri

Innhold

Flotte dagar for NRV i Bergamo og Milano

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

NRV på tur til Italia (Bergamo og Milano) og messen Expo Detergo i oktober 2018.

NRV på tur til Italia (Bergamo og Milano) og messen Expo Detergo i oktober 2018.

Tradisjonen tro arrangerte NRV tur til messa Expo Detergo i Milano. Vi var 30 mennesker som var med på turen i regi av NRV, og i tillegg var det ein del andre som vart med oss på middag ein av dagane.

Vi valgte å bu i Bergamo, ein times kjøring frå messeområdet. Bergamo er Italias svar på Bergen (namnet kjem frå det keltiske "Bergheim"), ein vakker og velholdt by med "Fløibane", flott arkitektur og temperamentfulle innbyggjarar, men Bergamo har betre klima og dårlegare fotballag. Torsdag kveld hadde vi ein uformell middag øvst i gamlebyen i Bergamo, der vi kunne nyte tradisjonell italiensk mat og drikke i høgst leveleg temperatur.

Renseriet Sandnes konkurrerte om "Global Awards"

Fredagen hadde vi ein buss som tok oss til messeområdet, inkludert ein spennande kjøretur i området rundt messa før vi fant inngangen. I følgje tilbakemeldingane frå deltakarane var messa nyttig både for vaskeri, renseri og leverandørar. For renseria var våtrens eit område med spesielt fokus i år. Vaskeria fekk og sitt, trass i at Jensen og Kannegiesser tidlegare i år har arrangert eigne husmesser.
Renseriet Sandnes representerte Norge i konkurransen om "Global Best Practice Awards" i regi av Cinet. Eirik Østbø og renseriet utmerka seg med god presentasjon og ein flott film som presenterte renseriet og Norge. Av 350 innsendte bidrag kom Renseriet Sandnes på 9. plass – vi gratulerer!

> Sjå filmen her

Meir middag

Vi avrunda NRV sitt opplegg på turen med nok ein meir formell middag på torget i gamlebyen i Bergamo. Her fekk vi selskap av ein del leverandørmedlemmer som tok turen frå Milano. Vi avrunda på uformelt vis, og alle var einige om at det var ein strålande flott kveld!

Misunnelege danskar og svenskar

Verken Sverige eller Danmark får til å arrangere fellestur for bransjen til messene i Milano og Frankfurt, og misunner oss desse turane. Vi ynskjer å fortsette ed ny tur til Frankfurt i 2020, men treng tilbakemeldingar både frå dei som var med og dei som ikkje var med slik at vi kan lage eit mest mogleg attraktivt tilbod.

NRV vil snart sende ut ei medlemsundersøking, der vi og har ein del spørsmål rundt turane til Frankfurt og Bergamo. Vi håpar flest mogleg gir oss tilbakemelding på opplegget der!