Norsk Industri

Innhold

Faglig råd TIP går inn for å endre vaskerifaget

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Kunnskapsdepartementet har ute på høyring nytt forslag til struktur for yrkesfaga. Målet med den nye strukturen er å styrke relevansen og kvaliteten.

Per i dag er både vaskeri- og renserifaget såkalla "særløp" der ein som elev kan gå eitt år på TIP VG1, for så å gå ut i lære (1+3). Alternativet er å ta faga som praksiskandidat, også kalla voksenlærling.

NRV har hatt saka på høyring internt, og styret kom med si innstilling i styremøte 24. august. Vedtaket vart då at vi går inn for å endre vaskerifaget til 2+2, dvs at ein kan rekruttere lærlingar frå VG2 industriteknologi. Målet er då å auke rekrutteringa blant unge.

Vil ikkje endre tekstilrensefaget

Når det gjaldt renserifaget så gikk vi inn for å beholde det som særløp, det vil seie eitt år på VG1, og så ut i lære i bedrift. Vi ynskjer og at det vert mogleg å ta kryssløp frå andre VG1-fag enn TIP, men her vil vi avvente den nye tilbudsstrukturen for å sjå kva fag som er relevante.

Saka vart spelt vidare til faglig råd TIP, som i møte måndag 28. august innstilte i tråd med NRV sine ynskjer. Det er no opp til Kunnskapsdepartementet å vedta den nye strukturen. Dersom du ynskjer å gi ditt innspel direkte til Kunnskapsdepartementet er fristen 4. september.

> Les meir her