Norsk Industri

Innhold

Bransjesjefen gjer seg kjent med bransjen

Aktuelt, Renseri og vaskeri

Publisert

Nordisk vaskeri- og renserimøte.

Nordisk vaskeri- og renserimøte. F.v.: Daniel Kärrholt - Sveriges Tvätteriförbund, Anne Sofie Wibe – Dansk Industri, Kjetil Tvedt - Norsk Renseri- og Vaskeriforening

Den nye bransjesjefen i NRV, Kjetil Tvedt, har begynt å gjere seg kjent med bransjen.

Første møtet var med Nor Tekstil sin avdeling i Lier utanfor Drammen.

– Eg har vore rundt hos mange medlemsbedrifter i Norsk Industri, og dette vaskeriet er heilt klart i fremste rekke når det gjelder å automatisere produksjonen seier Tvedt.

I tillegg har han besøkt Allrens på Skedsmokorset.

– Det er mykje nytt å sette seg inn i. Renseribransjen er jo og meir kjenneteikna av å vere handverksbedrifter enn industri, og representerer slik ein del nye problemstillingar. Samstundes har eg arbeidd kompetanse tidlegare – kunnskap som nok kan kome til nytte både for vaskeria og renseria.

Nordisk vaskeri- og renserimøte

Tvedt har og møtt sine kollegaer i Danmark og Sverige. Bransjen har organisert seg litt ulikt i dei ulike landa. I Danmark har vaskeria ein eigen bransjeforening (utan renseri) i Dansk Industri. I Sverige står foreningen for renseri og vaskeri på eigne bein, og driv sjølv tilsynet med renseria og vaskeria, mens det er Svänsk Näringsliv (tilsvarande norske NHO) som tar seg av tariffspørsmål.

– Målet med møtet var dels å gjere seg kjent med foreingane, men og sjå på mogleg samarbeid. Vi har mykje til felles med Sverige og Danmark, både når det gjeld bransjane og organisering av arbeidsliv, noko som er eit godt grunnlag for eit samarbeid rundt informasjon, i følgje Tvedt.