Norsk Industri

Innhold

Fjellstrand byggjer ny miljøferje for Fjord1

Aktuelt, Maritim bransjeforening

Publisert

Fjord1 har signert kontrakt med Fjellstrand AS om bygging av ei heilelektrisk ferje av typen ZeroCatTM 120.

Ferja er utvikla av Fjellstrand, og er planlagd å gå inn i sambandet Halhjem-Våge i Hordaland.

Fjellstrand stod også bak bygginga av MF Ampere, som i 2015 skreiv historie som verdas fyrste batteriferje. Verftet var i så måte sentral i introduksjonen av ny batteriteknologi i ferjemarknaden.

Det nye fartøyet er ei større og vidareutvikla utgåve av MF Ampere, og vil bli utstyrt for både større fart og lengre rekkevidde.

- MF Ampere har vore i drift i to år og har til no segla ein distanse som utgjer omtrent fire gonger rundt ekvator. Dette har gitt oss verdfulle erfaringar til den vidare utviklinga av nullutsleppsteknologi, både for denne ferja og for andre type fartøy, seier Edmund Tolo, salssjef i Fjellstrand AS.

- Vi gratulerer Fjellstand med nok en flott kontrakt på en miljøvennlig ferje, både med tanke på valg av materiale og drift, sier bransjesjef i i Maritim bransjeforening i Norsk Industri, Lars Gørvell-Dahll.

> Les mer her